Sogndal representert med to jenter

Statoil Region Samling, Forus 4.-6.mai

 Sogndal representert med to jenterStatoil Region Samling vart gjennomført i Stavanger i helga. Dette er ei samling for dei største talenta både på gutesida og jentesida fødde 1996, '97 og '98 frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

 
Sogndal var representerte med Ingri Ness (97) og Jannike Orrestad Andersen (98). Andre deltakarar frå fylket var: Marthe Gjerde Stølen frå Lærdal, Ida Flo frå Stryn, Synne Sofie Christiansen frå Kaupanger. På gutesida var Sogn og Fjordane representerte med Asgrim Farnes frå Balestrand, Joar Tryti frå Vik, Brage Sandvoll frå Førde, Simen Lefdal og Oliver Rotihaug frå Eid og Daniel Kvalvågnes frå Tambarskjelvar. I tillegg skulle Erlend Moen Taule frå Førde og Rebekka Bergum Skaasheim vere der, men måtte melde forfall på grunn sjukdom og skade.
 
Utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Sebastian Kaldestad, var tilstades under samlinga. Han seier til sogndalfotball.no at spelarane frå Sogn og Fjordane representerte fylket på ein god måte både i trening og kamp. 
 
- Dette er eit kartleggingstiltak for fotballforbundet med tanke på uttak til yngre landslag. I tillegg får både spelarar som deltek og trenarar som er til stades nyttige referansar i forhold til nivået på dei ulike årstrinna. Det er heilt sikkert trenarar, og for så vidt spelarar som får seg ei «a-ha»- oppleving når dei er med på eit slikt tiltak for fyrste gong. Her får du verkeleg sjå kor lista ligg, avsluttar Kaldestad.
 
Les meir om samlinga i Sogn AvisRogaland Fotballkrets og på nettsida til NFF.