Sogndal Fotball

Akademiet

Akademiet

Akademiet haust/vinter for årskull 2008 til 2011.

Sogndal Fotball ynskjer at akademiet skal gje eit utvida tilbod til dei som har ein stor interesse for fotball og som ynskjer å trene meir. Treningane held fokus på utvikling av individuelle tekniske og taktiske ferdigheitar, og skil seg slik sett frå lags aktivitet som kanskje har meir fokus på utvikling av lag.  Det er viktig å påpeke at Akademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar, og at eige lag er ein veldig viktig utviklingsarena. Det er heller ikkje meininga at akademiet skal skyve vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Difor er våre treningstider lagt til tider det er få konkurrerande aktivitetar. Med god hjelp frå seniorgruppa har akademiet også fått et meir heilheitleg tilbod, med leksetid og eit varmt måltid måndag og onsdag.

MÅL: 

1. Vere ein god arena for spelarutvikling

2. Me skal skape dei gode fotballopplevelsane

3. Motivere og stimulere til meir eigentrening og eigenaktivitet

4. Være ein utviklingsarena for fotballtrenarar

5. Utdanne folk med sunne og folkelege verdiar

Trenarar:

Trenerane består i hovudsak av nåverande studentar på idrett ved HISF, i kombinasjon med trenarar i Sogndal Fotball. Alle trenarane på akademiet skal ha C-lisens eller være i gang med utdanninga. Alle gruppeansvarlige skal ha UEFA B-lisens.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift