Keeperskule på Kaupanger

Årets store keeperhelg på Kaupanger 22.-24.juni. Terje Skjeldestad, med sine engasjerte instruktørar, tek i mot jenter og gutar i alderen 8 ? 18 år til tre dagar med keepertrening. Dette blir gøy!

 Etter keeperskulen i Ålesund i vår, med 175 deltakarar frå Sunnmøre, håpar Terje å sjå mange frå «keeperfylket» Sogn og Fjordane på vårt eige arrangement på Kaupanger. Terje Skjeldestad keeperskule har vist at det nyttar å trene keeperar. Keeperskulen er sjølvsagt stolte over at mange som har vore innom oss har enda på aldersbestemte landslag, men kanskje like kjekt er det å sjå den flotte utviklinga kvar enkelt deltakar har i løpet av tre dagar med keepertrening.

 

 

I Sogndal har keeperskulen trening for jenter og gutar kvar onsdag i oktober, november, januar, februar og mars. I tillegg har keeperskulen ansvaret for keeperakademiet før skuletid på måndagar. Dette er viktige treningar for dei som ønskjer å bli betre keeperar, og dei har vist stor framgang. Keeperskulen på Kaupanger er ein del av denne satsinga og er viktig for å halde ved like den gode keepertreningsperioden i vinter.

 

Bli med på tre artige og tøffe dagar med keepertrening på KaupangerJ

 

Påmelding og meir info om Terje Skjeldestad keeperskule finn du på www.keeperskule.no